No nærma hausten og vinteren seg! Då er det på tide å ta inn maskina og ladeplata. Me anbefaler at det blir tatt ein service på maskina før den settes vekk og full lada batteriet.
Hjå oss på seimstrand kan du komme med Automoweren/robotklipperen din for enten å ha den hjå oss på vinterhotell der det blir tatt service og reingjering av maskina eller å berre ta ein service på den. Me på Seimstrand har no gleda av å kunne tilby reingjering av maskina når du tar service på maskina di.
Grunnen til at me anbefaler at det blir tatt service på maskina er fordi det er pakninger inni maskina som gjerne bør byttes ut etter ei stund, samtidig blir det sjekka at det ikkje er vatn inni maskina og det blir tatt ein grundig sjekk på at alt fungerer sånn som det skal.